ru24.pro
Sport 24/7
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Nært sensasjonelt comeback av Noreg: – Ein skikkeleg neglbiter

0

I den femte kampen i OL fekk det norske herrelandslaget i curling det tøft i starten mot USA. Men så tok dei seg kraftig saman.

– Ein skikkeleg neglbiter, no er det sjakk på is, sa kommentator Patrick Rowlands mot slutten av siste omgang.

Det starta på verst tenkeleg vis. Etter tre omgangar leia USA 5–0.

I omgang tre tok Noreg sitt første poeng. Eit håp var tent når det stod 5–3 halvvegs.

I den sjuande omgangen kjem kampens beste slag, då Magnus Ramsfjell med siste stein må slå ut fire gule amerikanske steinar.

Sjå klippe nedst.

– Det er eit youtube-klipp, for ein kunststein, kjem det frå ekspert Svae.

I omgang ni tar Noreg tre viktige poeng og det var uavgjort inn i siste omgang.

Men USA heldt unna trykket frå Noreg og drog i land sigeren 10-8, med to beste steinar på slutten.

– Det er ikkje dårlig dette. Vi skulle gjerne hatt ein siger til. Vi knuser dei taktisk utpå der. Vi viser vi eigentlig er det beste laget, eg berre missa litt i starten, seier skip Magnus Ramsfjell.

Noreg står med tre sigrar og to tap etter dei fem første kampane i Italia. Topp fire gir avansement.

Neste kamp kan du følgje i NRK TV kl. 14.05 måndag.