ru24.pro
Sport 24/7
Январь
2026

Alexander Sørloth til sjukehus etter hovudsmell

0

Alexander Sørloth måtte ut på båre i kampen mot Levante i La Liga laurdag kveld. No skriv Atlético Madrid på X:

«Alexander Sørloth måtte bytast ut på grunn av ein hovudskade som resulterte i eit kraftig kutt. Spelaren er frakta til sjukehus for vidare undersøkingar.»

Den spanske radiokanalen Cadena Ser har publisert på X ein video som viser ein sjukebil, som Sørloth skal ha vore i, forlate stadion med blålys.

Nordmannen starta kampen mot Levante. 22 minutt ut i kampen skulle Sørloth forsvare eit hjørnespark i eigen sekstenmeter.

Etter ein duell med Levante-spelar Matias Moreno vart spissen liggande i over tre minutt med medisinsk personell rundt seg. Han vart etter kvart frakta ut på båre. Han var ved bevisstheit, men med tydelege smerter.

Julian Alvarez erstatta nordmannen. Moreno vart også bytta ut like etter.

Det endte med 0-0 og poengdeling på Ciudad de Valencia.