ru24.pro
Sport 24/7
Октябрь
2024

Skytebana i Holmenkollen stengt igjen

0

På nytt er skytebane i Holmenkollen stengt. Bana vart første gong stengt 19 oktober i fjor etter at politiet gjennomførte ein ikkje meldt kontroll av anlegget. Skiforeningen har i lang tid uttrykt bekymring for tryggleiken på standplass.

– Eg synst det er kjempetrist. At det har blitt sånn at dei stenger i seks nye veker no i «primetime» for skiskyting, seier Ingrid Landmark Tandrevold til NRK.

Ho fryktar dette spesielt går ut over yngre som no ønskjer å starte med skiskyting. Nye krav til å ha banemeister på plass under trening har også skapt store utfordringar. Sjølv har ho måtte ty til mamma og pappa for å gjennomføre trening.

Ifølgje leiar for skiskyting i Oslo-klubben Try IL, Randi Torkildsen, har stenginga store konsekvensar for klubben.

– Det er uønskt for oss, men vi forstår at jobben må gjerast for å få til ei permanent løysing. Konsekvensane for oss er store og det er utfordrande for oss som klubb.