Skrekkskade for Fossesholm
Langrennsutøvar Helene Marie Fossesholm fekk kneet ut av ledd under ei fotballturnering laurdag. Dette skjer berre åtte månader etter at ho gjorde comeback på langrenn, melder VG.
Ifølgje avisa hadde ho akkurat entra bana då det smalt i ein duell.
– Eg skreik jo først. For akkurat då det skjedde var det veldig vondt. Så såg eg ned på kneet mitt og så var jo alt malplassert. Det var jo ingen kneskål der den skulle vere, fortel Fossesholm.
Langrennsløparen vart frakta til legevakta i Oslo. Før røntgenbilete vart tatt, skal kneskåla godt på plass. Fossesholm må vidare til MR før ho kan starte trene ordentleg igjen.