Minst 20 skadde i togulykke i Slovakia
0
Minst 20 personar er skadde etter at to tog kolliderte aust i Slovakia, ifølgje den slovakiske kringkastaren TA3 melder Reuters.
Det er til no ikkje meldt om omkomne.
Sjukehus i nærleiken har kriseberedskap. Ambulansar og helikopter er på ulykkesstaden.