ru24.pro
NRK.no
Октябрь
2025
1 2 3 4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Mange innstilte avgangar til og frå Schiphol

0
NRK.no 

Minst 80 innkommande og over 70 utgåande flygingar er innstilte på Schiphol lufthamn i Nederland laurdag på grunn av stormen «Amy», melder Reuters.

I tillegg er fleire andre avgangar forseinka på grunn av uveret.

Dei fleste av dei innstilte avgangane blir operert av KLM. Dei åtvarar også mot at det kan komme nye innstillingar og forseinkingar om uveret held fram.

Schiphol er ein av dei travlaste flyplassane i Europa.