Ny storhertug i Luxembourg
0
Guillaume av Luxembourg blei fredag krona til ny storhertug og statsoverhovud for landet.
Det skjedde etter at faren hans, Henri (70), offisielt abdiserte etter 25 år på trona.
Den 43 år gamle Guillaume blei teken i eid under ein innsettingsseremoni på slottet.
Blant dei kongelege som var til stades var kongepara i Nederland og Belgia.
Fredag kveld blir det gallamiddag.