ru24.pro
NRK.no
Октябрь
2025
1 2 3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Drapsforsøk i Averøy: Ber om i fengsel i åtte år

0
NRK.no 

Aktor, Jogeir Nogva, ber om fengsel i åtte for ein mann som er tiltalt for drapsforsøk i Averøy i mars i år. Mannen skal ha stukke kona si med kniv, slik at ho blei alvorleg skadd. Hendinga skjedde i paret sin felles bustad.

Påstanden om straff kom under aktor sin prosedyre i Nordmøre og Romsdal tingrett torsdag.

Mannen er også tiltalt for mishandling i nære relasjonar, fordi dei to felles barna deira var til stades under deler av hendinga.

Paret var i ein prosess der dei skulle gå frå kvarandre då hendinga skjedde.

Aktor la også ned ein påstand om eit kontaktforbod ovanfor dei fornærma i saka i fem år. Dette gjeld både den fornærma kvinna og deira felles barn.