Lofotposten: Språkrådet seier nei til Lofoten kommune
Språkrådet seier nei til å la Vestvågøy og Moskenes kommune bruke namnet «Lofoten kommune» åleine, melder Lofotposten.
Reaksjonane har vore delte etter at dei to av totalt seks kommunar i regionen ville slå seg saman og bruke Lofoten som kommunenamn.
– Det er tonedøvt og veldig uklokt å lansere eit forslag ein veit kjem til å skape usemje og tastaturkriging, har Lena Hamnes, fylkestingrepresentant for Ap, tidlegare sagt til NRK.
Bakgrunnen for saka er at økonomisk kriseramma Moskenes frivilleg har slått seg saman med Vestvågøy til éin kommune. I den anledning ønska dei også Lofoten som kommunenamn, sjølv om det er regionnamnet til totalt seks kommunar.
Ifølge avisa er det i eit brev til Kommunal- og distriktsdepartementet at Språkrådet har kome med si vurdering, og altså ikkje tilrådd bruken av namnet.
Det er departementet som til sist avgjer saka.