Britisk politi: Knivstikking ved synagoge i Manchester
0
Fire personar er skadde etter knivstikking og påkøyrsel ved ein synagoge i Manchester torsdag, ifølge britisk politi.
Vitne seier at gjerningspersonen først køyrde ein bil inn i ei folkemengde, og så gått ut av bilen for å knivstikke folk.
Politiet opplyser at den mistenkte gjerningspersonen er skoten, melder BBC.
Ordføraren i Manchester Andy Burnham seier faren verkar å vere over, men ber likevel folk halde seg borte frå området.
Det var mange menneske til stades i synagogen i forbindelse med den jødiske feiringa jom kippur.