ru24.pro
NRK.no
Сентябрь
2025

Kvinne fall frå altan i Bergen – mann sikta for fridomskrenking

0
NRK.no 

Ei kvinne vart sendt til Haukeland universitetssjukehus i ambulanse etter eit fall frå ein altan i Fana i Bergen i natt.

– Det skal ha vore mellom 5 til 7 meter høgt, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.

Kvinna var medviten då ho vart teke med til sjukehus. Han har ikkje ytterlegare opplysingar om hennar tilstand.

I samband med fallet vart ein mann arrestert, og politiet undersøkjer no nærmare om kva som skjedde i forkant.

– Han er sikta i saka. Så får vidare etterforsking finna ut kva som var omstenda rundt fallet, seier Rebnord.

Politiadvokat Jan Christian Alvheim opplyser til NRK at mannen i 60-åra er sikta for fridomskrenking.

Politiet fekk melding om saka klokka 01.37. På adressa var det også løyst ut brannalarm og sprinklaranlegg.

– Det er vasskadar i leilegheita, opplyser Rebnord.