ru24.pro
NRK.no
Сентябрь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26
27
28
29
30

Syrias president tala til FN – fyrste gong på 60 år

0
NRK.no 

For fyrste gong på seks tiår tala ein syrisk president til FNs generalforsamling. Ahmed al-Sharaa kalla Syria si historie for «ei blanding av smerte og håp». Det melder Al Jazeera.

Han la vekt på samhald mellom ulike grupper i landet, og tok sterk avstand frå sekterisme og splitting.

– Vi står med folket i Gaza, med barna, kvinnene og alle som blir utsette for vald og overgrep. Vi krev ein umiddelbar slutt på krigen, sa han.

Al-Sharaa fordømde også israelske angrep mot Syria og åtvara om nye kriser i regionen.

Samstundes bad han om at alle sanksjonar mot Syria blir fjerna, og kalla dei «lenker på det syriske folket».

Presidenten sin innkomst til New York blei møtt med både jubel og protestar.

Nokre vinka med syriske flagg, medan motdemonstrantar peika på hans tidlegare band til Al Qaida og rolla han spelte i offensiven som styrta Bashar al-Assad.

Etter Assad-regimet fall, har éin million syrarar vendt heim på ni månader, ifølge FN.

I oktober skal Syria halde sitt første val sidan regimets fall.