Mann arrestert etter forsøk på knivstikking
0
Ein mann i 30-åra er arrestert etter at han skal ha forsøkt å knivstikka ein annan person på ei adresse i Hå kommune. Dette skjedde ved 20.30-tida søndag kveld.
Politiet rykte ut med fleire ressursar og fekk kontroll på mannen.
– Det er ikkje noko som tyder på at det er nokon skadde personar, sa oppdragsleiar Sindre Lotsberg i Sør-Vest politidistrikt då. Dei søkte etter skadde i området. Det er gjort beslag på staden og politiet opprettar sak.