Landslaget med markering etter drapet på Tamima
0
Under landskampen mellom Norge og Finland vil det tre minutt før avspark vere ein markering for Tamima Nibras Juhar og kampen mot rasisme, skriv Antirasistisk Senter i ei pressemelding.
Juhar blei drepen medan ho var på jobb på ein institusjon i Oslo.
– Me må gjere alt me kan for å overdøyve hat og rasisme og det er utruleg rørande at Norges Fotballforbund bidrar i kampen mot rasisme på denne måten, seier Umar Ashraf, dagleg leder i Antirasistisk Senter.
Skjermane på Ullevål stadion vil lyse opp i gult og publikum blir oppfordra til å reise seg og klappe for å vise at ein står saman mot hat og rasisme.
Kampen mot Finland på Ullevål stadion startar 18.00 torsdag.