Aftenposten: Matgrossist ber tilsette tenke på formuesskatten før valet
0
Over 100 tilsette i Oluf Lorentzen fekk ein e-post der eigaren ber dei tenke over formuesskatten før dei stemmer ved årets stortingsval, melder Aftenposten.
– Eg oppfordrar dykk til å reflektere over kva dette betyr for din arbeidsplass – og bruk stemmeretten dykkar godt fram til valdagen, står det i e-posten.
Eigar og dagleg leiar Martin Lorentzen avviser til Aftenposten at han forsøker å påverke dei tilsette si stemmegiving.
Leiar i Fellesforbundet, Christian Justnes, reagerer på e-posten.
– Dette er drygt. Han set dei tilsette i ein skvis. Det synest eg ikkje at våre medlemmar skal måtte oppleve, seier Justnes.