Medium: Europeiske leiarar inviterte til møte i Washington
0
Europeiske leiarar er inviterte til å delta på møtet mellom Donald Trump og Volodymyr Zelenskyj i Det kvite huset måndag, opplyser kjelder til New York Times.
Også kjelder til Reuters seier at europeiske leiarar kan vere med i møtet.
Det er ikkje kjent kva leiarar som eventuelt blir med på møtet, men leiarar for landa i den såkalla koalisjonen av villige skal møtast i eit videomøte søndag.
Dette møtet blir leia av Frankrike, Tyskland og Storbritannia.