Orkanen Erin aukar i styrke i Karibia
0
Sesongens første orkan i Atlanterhavet aukar raskt i styrke.
Orkanen «Erin» er no ein kategori 5-orkan, med vind på nør 260 kilometer i timen, melder CNN.
Senteret av orkanen er no rundt 170 kilometer nord for øya Anguilla i Karibia.
Det amerikanske orkansenteret (NHC) seier orkanen kan passere nord for både Puerto Rico og Dei amerikanske Jomfruøyane, for så å svekkast.Årets orkansesong er venta å bli meir intens enn normalt.
I fjor gjorde kraftige stormar store øydeleggingar, og kravde over 200 menneskeliv.