Mann gripen etter mordbrann i Linköping
0
Ein 65 år gammal mann er gripen og sikta for drap og mordbrann etter at ei jamaldrande kvinne døydde etter ein brann i ei leilegheit i Linköping i Sverige torsdag.
Kvinna blei frakta til sjukehus med livstrugande skadar. Ho døydde fredag morgon.
– Mannen og kvinna kjente kvarandre, og det er snakk om ei isolert hending, seier statsadvokat Linda Kyrö, som leiar etterforskinga, i ei pressemelding, melder NTB,