Ingen skal vere tatt i snøskred i Ørsta
0
Politiet melder at ingen skal vere tatt av eit snøskred i Molladalen i Ørsta. Det opplyser Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet.
Det skal ha blitt observert spor inn mot raset. Undersøkingar tyder på at det var eit gamalt ras, melder politiet.
– Det er ingenting som tyder på at nokon har blitt tatt av skredet. Det var dei fotspora vi var litt engstelege for. Men dei går opp til skredet og så over det, så det er heller ingenting som tyder på at skredet har gått nyleg, seier Ferstad.