Skadd i arbeidsulykke i Hareid kommune
0
Politiet melder om ei arbeidsulykke hos ei bedrift på Hareid på Sunnmøre. Skadeomfanget er uavklart, men ein person skal vere skadd, opplyser politiet.
– Vi har ikkje så mykje informasjon enno, men det kan tyde på at det er alvorleg, seier Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.