Søker etter personar i sjøen
Det vert no leita etter personar i sjøen utanfor Tasta i Stavanger.
To båtar frå brannvesenet, ei redningsskøyte, drone frå politiet og redningshelikopter er involvert i søket. – Det er sendt bra med ressursar til dette søket. Forholda for søk er svært gode, det er stille og god sikt, seier redningsleiar Andreas Bull i Hovedredningssentralen til NRK.
Tysdag morgon vart det observert ei raud jolle drivande rundt i sjøen utanfor Tasta på Kalhammeren i Stavanger. Det er ikkje observert folk, men det blei funne kle på land i nærleiken.
HRS har vore i kontakt med eigaren av båten, vedkommande har ikkje brukt båten. Derfor er det sat i gang søk, opplyser HRS til NRK.
– Båten kan vere stolen, men den kan også ha slite seg. Det er per no ikkje funne nokon personar, men det er nok uvisse knytt til dette til at vi utfører eit søk, seier Bull.
Klokka 07:13 rykte politiet ut etter melding om tjuveri av ein båt, der båten blei observert forlaten på fjorden.
Brannvesenet taua båten inn til brygga kor den blei stolen frå.
Båten vart observert drivande utanfor brygga klokka 06:10 i dag, då var det ikkje folk i båten. Men undersøkingar frå politiet indikerer at det har vore folk om bord i båten på eit tidspunkt.
Hovudredningssentralen koordinerer søket og redningsskøyta samt redningshelikopter er tilkalla.