ru24.pro
NRK.no
Март
2025
1 2 3 4 5 6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Fem personar dømde for kupplanar i Tyskland

0
NRK.no 

I Tyskland er fem personar dømde for å ha vore med på å planleggja eit statskupp, melder nyheitsbyrået DPA. Planane blei avslørte i 2022.

Dei fire påtalemakta meiner var leiarar for kupplanane er dømde til mellom fem år og ni månadar og åtte år i fengsel. Ein femte person er dømd til to år og ti månadar.

Dei dømde høyrde til ein høgreekstrem krins. Planane innheldt mellom anna statskupp, øydelegging av straumnettet og bortføring av helseminister Karl Lauterbach.