Vy buss lagra helseinfo om barn for dårleg i tre år
Namn og helseopplysningar om inntil 86 barn med avtale om skuleskyss har lege for dårleg sikra internt hos Vy buss i Møre og Romsdal.
Sidan august 2021 har Vy buss lagra ei rekke opplysningar om barn i eit stort Teams-område med for dårleg tilgangsstyring. Det opplyser dei sjølv i ei avviksmelding til Datatilsynet som NTB har fått innsyn i.
Opplysningane har vore tilgjengeleg for 118 personar i Teams-området. Berre sju hadde faktisk behov for opplysningane. Informasjonen har vore brukt til å planleggje og koordinere skuleskyss-tenesta.
– Vi avgrensa tilgangane umiddelbart etter at dette vart oppdaga, til dei sju leiarane og tilsette som i oppgåvene sine treng å sjå desse opplysningane, skriv kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy til NTB.