Opphevar overnattingsforbod i Bergen
0
Statsforvaltaren i Vestland slår fast at byrådet sitt forslag om overnattingsforbod i Bergen var for dårleg greia ut og dermed ulovleg.
Det skriv Bergens Tidende.
Forslaget gjekk ut på at det skulle bli forbode med overnatting i offentlege parkar, friområde, vegar og plassar.
Statsforvaltaren har gjennomført ein lovlegheitskontroll, og meiner kommunen ikkje har vurdert konsekvensane overnattingsforbodet vil ha for sårbare grupper som bustadlause eller andre som søv på gata.
No opphevar difor Statsforvaltaren overnattingsforbodet.
Dersom byrådet framleis ønsker å innføre eit overnattingsforbod, må dette behandlast på nytt med ei ny sak om politivedtekter.