Tre menn dømde i gruppevaldtektssaka
0
Dei tre mennene som stod tiltalte for valdtekt av ei tenåringsjente i Stad, er dømde til fengsel. Mennene, som alle er busette i Nordfjord, nekta straffskuld. Ifølgje dommen frå Sogn og Fjordane tingrett er ein av mennene dømde til fengsel i seks år og ti månader. Dette er strengare enn påstanden frå statsadvokat Magne Kvamme Sylta. Dei to andre er dømde til fem år og åtte månader og seks år og seks månader. Mennene må også betale kvinna 300.000 kroner kvar i erstatning.