Sverige skal minnast offera i Örebro
0
Tysdag klokka 12 står Sverige stille i eitt minutt for å minnast dei ti som blei drepne i masseskytinga i Örebro.
Over heile landet blir det flagga på halv stong fram til minnemarkeringa er over.
Førre tysdag skaut og drap ti personar og skadde fleire i ein skule i Örebro.
Dei fleste av dei drepne hadde utanlandsk bakgrunn. Politiet undersøker no om det kan vere eit mogeleg motiv.