Fem drepne av sjølvmordsbomber i Afghanistan
0
Fem menneske er drepne i eit sjølvmordsangrep i Kunduz nord i Afghanistan, melder AFP.
Tryggingsvakter frå Taliban er blant dei drepne.
Sju andre er såra i angrepet som skjedde utanfor ein bank i byen.
Det er ikkje kjent kven som stod bak angrepet.