Justisministeren vil fotfølge unge kriminelle
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) varslar nye grep mot barne- og ungdomskriminaliteten. Ho vil at mindreårige gjengangarar skal fotfølgast døgnet rundt.
I VG varslar Aas-Hansen tre grep mot barne- og ungdomskriminalitet.
24/7-programmet skal gjelde i byane som har størst utfordring med ungdomskriminalitet, som i Oslo, Bergen, Trondheim og Kristiansand. Prislappen kan fort kome opp mot 300 millionar kroner.
– Det kostar pengar, men så veit vi samtidig at vi på lang sikt sparar både pengar og liding på å gjere dette, seier Aas-Hansen.
Ho vil mellom anna at unge kriminelle gjengangarar skal fotfølgast døgnet rundt, noko Oslo Ap lenge har tatt orde for.
– Dette handlar om at vaksne folk skal hente dei heime om morgonen, følge dei gjennom skuledagen, ta dei med ut på aktivitetar på kvelden, følge dei heim og sørge for oppfølging av foreldra. Nokon av dei treng hjelp og klarer ikkje å handtere barna, seier gruppeleiar Marthe Scharning Lund i Oslo Ap.
Ap vil også få på plass raskare domstolsbehandling og eigen straff for å bruke mindreårige til kriminalitet.