Eide om Trump-utspel: «Eit klart avvik»
Utanriksminister Espen Barth Eide seier til NRK at Noreg meiner Gaza skal halde fram i det som skal bli til ein samla palestinsk stat.
– Det er det som har vore verdssamfunnet sitt syn i mange år, at både Vestbreidda og Gaza høyrer til palestinarane og at vi er nøydde til å få ein palestinsk stat.
Han seier at Trump sin Gaza-plan er «eit klart avvik» frå det som har vore USAs politikk i Midtausten dei siste åra.
– Så er dette ein kommentar på ein pressekonferanse ved sidan av Netanyahu. Eg trur vi skal følge med på kva dei no kjem med av offisiell erklært politikk.
– Er det årsak til å frykte Trump sine haldningar og utspel her?
– Vi kjem til å ha dialog med dei som jobbar med dette i Trump sin administrasjon. Vi samarbeider også nært med både europeiske og arabiske land.