Brøytebil kolliderte med buss
0
På E16 i Ulnes i Nord-Aurdal krasja ein brøytebil med ein buss.
Det var sju personar involverte i ulukka, opplyser politiet. Fem av desse var passasjerar på bussen.
Ingen er alvorleg skadde, men éin eller fleire er lettare skada.
– Vegen er sånn delvis mogleg å passere på. Dei står vel på kvar si side ute i grøft, disse to køyretøya, seier operasjonsleiar Frode Øvreås til NRK.
I ei oppdatering frå politiet rett over klokka 05 tysdag morgon skriv dei at bussen skal ha forsøkt å køyre forbi brøytebilen i det den skulle svinge av europavegen.