ru24.pro
NRK.no
Январь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30
31

Held styringsrenta i ro i USA

0
NRK.no 

Den amerikanske sentralbanken held styringsrenta i ro på sitt første rentemøte for året.

Det betyr at styringsrenta blir liggande i intervallet 4,25 til 4,5 prosent.

I fjor kutta sentralbanken renta tre gonger, og før jul vart det peika på at det ville kome to rentekutt til i år.

Fleire økonomar meiner det no er stor usikkerheit kring korleis prisveksten i USA vil utvikle seg, etter at Donald Trump tok over som president.

I desember var prisveksten i USA på 2,9 prosent. Målet til sentralbanken er at den skal ned til 2 prosent.