Tar opp søk etter brannsakna på Frei
0
Politiet har sett i gang nye søk etter den andre omkomne etter husbrannen på Møst på Frei i Kristiansund rett før nyttår.
Ein person berga seg ut, medan to ikkje blei gjort greie for.
Seinare blei ein av dei sakna funnen omkomen på brannstaden, men mellom anna mykje snø gjorde leitearbeidet vanskeleg.
No blir søket etter den andre sakna intensivert, skriv tk.no.