ru24.pro
NRK.no
Январь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30
31

KI kan sjå teikn på brystkreft fleire år før diagnose

0
NRK.no 

Ein studie frå Mammografiprogrammet viser at kunstig intelligens (KI) kan sjå auka risiko for brystkreft opp mot seks år før diagnose, skriv FHI.

– Studien viser at KI-algoritmar som allereie finst på marknaden, kan bli brukt til å utvikle meir persontilpassa screeningprogram, seier prosjektleiar for studien Solveig Hofvind.

Det kan for eksempel bety tettare oppfølging av kvinner med høg risiko, medan kvinner med låg risiko kan bli undersøkt sjeldnare enn i dag.