Spelselskap kuttar og legg ned studio
0
Spelprodusenten Ubisoft kuttar 185 tilsette og legg ned eit av studioa i Storbritannia, skriv Eurogamer.
Kutta blir tekne ved avdelingane i Düsseldorf, Stockholm og Newcastle, medan studioet i Leamington søraust for Birmingham blir stengt.
Grunnen er at dei må redusere kostnadar og sikre langsiktig stabilitet, ifølge ein talsperson for Ubisoft.