ru24.pro
NRK.no
Январь
2025

Tiltalt for drap og likskjending i Sverige

0
NRK.no 

Ein far, mor og bror er tiltalt for drap og likskjending av dottera og søstera, ei 22 år gammal kvinne, i Sverige.

Politiet meiner det er eit æresdrap, skriv NTB.

Kvinna blei funnen ved ein grillplass i mai i fjor.

Broren har vedgått at han tok livet av søstera, etter press frå faren, og at foreldra var til stades under drapet. Foreldra nektar straffskuld.

Rettssaka startar i Kalmar 11. februar.