Tre bilar i elgkollisjon på Rv 3
0
3 personar vart køyrd til legesjekk med ambulanse etter at tre bilar var involvert i ei trafikkulykke på Rv 3 ved Atna i Stor-Elvdal søndag ettermiddag. Dei tre framstod ikkje som alvorleg skadde, i følge politiet. Ulykka skjedde da ein bil køyrde på ein elg, og to andre bilar sklei inn i den første. Operasjonsleiar Sidsel Svarstad ved Innlandet politikammer, seier til NRK at det er svært glatt der ulykka skjedde. Det var tilsaman 9 personar i dei tre bilane. Elgen sprang til skogs etter samanstøyten, så fallviltgruppa vart varsla og dei har rykka ut. Trafikken blir framleis dirigert forbi ulykkesstaden. Det skal og kome ein bergingsbil for å ta med seg den eine bilen.