15 gripne etter hotellbrann i Tyrkia
0
Tyrkia har arrestert 15 personar etter brannen som kravde 78 menneskeliv i Bolu-fjella tidlegare denne veka, melder Reuters.
Etter brannen har hotellet fått kritikk for manglande branntryggleik.
Hotelleigaren, viseordføraren og sjefen for det lokale brannvesenet er blant dei 15 som er sikta i saka.
Det var 238 registrerte gjestar ved det 12 etasjar høge hotellet då det starta å brenne natt til tysdag.