Tomannsbustad i Øygarden står i brann – sju personar evakuerte
0
Brannmannskap rykkjer ut til Øygarden etter at det har kome melding om røykutvikling i ein tomannsbustad etter lynnedslag.
– Det brenn i bygget. Alle personane har kome seg ut, seier Dan Inge Gjesdal i 110 Vest.
To personar er evakuert frå den delen av huset som brenn.
Ein person blir sett til av ambulanse på staden.
Sju personar er evakuerte frå den andre delen av tomannsbustaden.
Operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt melder at det brenn i taket på huset. Det er førebels ikkje kome meldingar om at det er folk i huset.