Dødsdømd franskmann i Indonesia blir sendt heim
0
Franskmannen Serge Atlaoui (61), som er dømd til døden for narkotikalovbrot i Indonesia, blir sendt tilbake til Frankrike, seier den indonesiske regjeringa.
Dei to landa skreiv under ein avtale om saka fredag.
Atlaoui blei gripen i 2005 på det som skal ha vore ein narkotikafabrikk nær hovudstaden Jakarta.
Han sa han berre skulle installere maskiner ved fabrikken, og var uskuldig.