Talet på eksplosjonar i bustadområde aukar i Sverige
0
Medan talet på skyteepisodar i Sverige har gått ned, har talet på eksplosjonar i bustadområde auka kraftig dei siste to månadane, melder SVT.
– Det eskalerte i desember og januar, der vi ser ein kraftig auke i sprengingar, seier nasjonal operasjonsleiar i politiet Erik Lindblad til kringkastaren.
Auken er eit teikn på at det framleis er konfliktfylt mellom dei kriminelle nettverka, seier kriminologen Sven Granath.
– Dette er sjølvsagt eit jævlig ubehageleg fenomen, ikkje minst for lokalbefolkninga. Det er heilt uakseptabelt i eit velferdsland i fredstid, seier han til SVT.