Regjeringa vil forby hemmelege bod ved bustadkjøp
0
Regjeringa strammar inn reglane for bodfristar, hemmelege bod og «bustadkupping».
Fredag blir forslaget for ny eigedomsmeklingslov lagt fram.
– Bustadkjøp er den største privatøkonomiske avgjerda dei fleste av oss gjer i livet. Desse lovendringane vil føre til større tryggleik, meir openheit og gjere bodrundane meir rettferdige, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til Dagens Næringsliv.
Lovforslaget følger i stor grad dei tilrådingane eit regjeringsoppnemnd gav i si innstilling til dåverande finansminister Jan Tore Sanner (H) i 2021.