Moldova trekker seg frå Eurovision
0
Moldova har trekt seg frå Eurovision, melder den moldovske kringkastaren TRM. Årsaka er ifølge kringkastaren sjølv laber interesse blant sjåarane og dårlege låtar.
TRM-direktør Cornelieu Durnescu sa på ein pressekonferanse i dag at han har snakka med musikkekspertar, som hadde «alvorlege atterhald» mot Moldovas deltaking på grunn av det musikalske nivået, noko som var i tråd med juryens meiningar.
– Me respekterer fagfolk og allmenningen sine meiningar, og me forstår at me må ta ansvarlege avgjerder som gjenspelgar realiteten, sa TRM-direktør Corneliu Durnescu.
I fjor representerte Natalia Barbu landet med låta «In the Middle», men røyk ut i semifinalen.