ru24.pro
NRK.no
Январь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Houthiane skal ha lauslate skipsmannskap etter Gaza-våpenkvila

0
NRK.no 

Houthiane i Jemen seier dei har lauslate mannskapet på skipet Galazy Leader, som dei kapra for over eitt år sidan ved Jemens kyst, melder Al Masirah TV eigd av Houthiane. Det melder nyheitsbyråa AFP og Reuters.

Mannskapet blei overlevert til Oman etter våpenkvila mellom Israel og Hamas tredde i kraft. Dei har vore haldt av Houthiane sidan november 2023.

I ei utsegn frå Houthiane står det at mannskapet blei lauslate i solidaritet med Gaza, og for å støtta opp om våpenkvila som starta på søndag.

Skipet er britiskeigd og drifta av eit japansk selskap, men har band til ein av Israels rikaste menn, Abraham «Rami» Ungar, skriv NTB. Fleirtalet av mannskapet skal vera frå Filippinane. Houthiane, som er støtta av Iran, meiner skipet var eit legitimt mål på grunn av Israels angrep mot Gaza.