Elev drap to og skada ein annan i Slovakia
0
Ein 18 år gammal elev har drepe minst to personar og skada ein annan alvorleg i eit knivåtak på ein vidaregåande skule i Aust-Slovakia. Det slovakiske nyheitsbyrået TASR melde om hendinga torsdag, skriv nyheitsbyrået AFP.
– Den 18 år gamle eleven, som er mistenkt for å stå bak det alvorlege åtaket, vart pågripen kort tid etter hendinga, opplyser slovakisk politi på Facebook.