Høgre om Storebrandflytting: – Trist
0
Nikolai Astrup frå Høgre reagerer sterkt på nyheita i DN om at Storebrand flyttar alle sine norske fond til Sverige. Det er siste i ei rekke fondsforvaltarar som har flytta verksemda si frå landet og peika på rammevilkår.
– Eg meiner det er trist og veldig uheldig for finansnæringa i Noreg. Den er veldig viktig, seier Astrup.
Han sit i Næringskomiteen på Stortinget. Astrup meiner Noreg må endre villkåra om landet skal ha ei levande finansnæring.
– Med Oljefondet som motor burde forvaltning vere noko vi kunne vere gode på i Noreg. Likevel ser vi at fleire og fleire flaggar ut. Det er utruleg uheldig, seier Astrup.