ru24.pro
NRK.no
Январь
2025

Minst 20 palestinarar drepne

0
NRK.no 

Minst 20 palestinarar blei tysdag drepne i israelske åtak på Gazastripa og på den okkuperte Vestbreidda. Det melder helsestyresmaktene i dei to områda.

På Gazastripa blei minst ti drepne i eit åtak mot Deir al-Balah, ifylgje nyheitsbyrået Ritzau. Det israelske forsvaret har ikkje kommentert påstandane.

Tysdag kveld blei mellom anna ein 15 år gamal gut drepen i eit åtak mot flyktningleiren Jenin på Vestbreidda. IDF har ikkje kommentert talet på drepne der, men stadfesta at dei utførte åtak i området.