ru24.pro
NRK.no
Январь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Sør-Korea: Politiet trugar med arrestasjon av dei som hindrar presidentpågriping

0
NRK.no 

Sørkoreansk politi og etterforskarar prøver no å trenge inn i den avsette presidenten Yoon Suk-yeol sin offisielle bustad for å arrestere han, viser direkteopptak på TV. Det skriv Reuters.

Politiet har varsla at dei vil arrestere alle som prøver å hindre gjennomføringa, ifølgje Yonhap.

Tidleg tysdag morgon lokal tid melde AFP at politiet var på veg til bustaden hans. Om lag 6500 støttespelarar har samla seg framfor residensen, ifølgje politidata, medan fleire regjeringspartimedlemmer har danna ein menneskeleg lenke for å stoppe arrestasjonen.

Yoon blir etterforska etter eit mislykka forsøk på å innføre unntakstilstand 3. desember 2024, då han også forsøkte å setje nasjonalforsamlinga til side. Arrestordren mot han blei utstedt i kjølvatnet av desse hendingane.

Tidlegare i januar prøvde landets antikorrupsjonskontor (CIO) og politiet å arrestere Yoon, men blei hindra av hans tryggingsstyrkar og militære einingar.