Jordskjelv med styrke på 4,3 utanfor norskekysten
0
Fleire melder om merkbare ristningar i hus og bygningar på Vestlandet.
NORSAR, eit norsk forskingsinstitutt som overvakar jordskjelv både i Noreg og internasjonalt opplyser at jordskjelvet hadde ei styrke på 4,3 og at det ikkje er eit stort eller farleg skjelv.
Det har vore fleire jordskjelv i dette området dei siste åra. Til dømes vart eit jordskjelv med styrke 3,8 registrert utanfor kysten av Vestlandet 16. januar 2024.
Ifølgje NGU (Norges geologiske undersøkelse) er Noreg blant dei mest aktive jordskjelvområda i Nord-Europa, og Vestlandet er spesielt utsett.