FNs klimasjef: Ber G20 støtte klimafinansiering på toppmøtet
0
FNs klimasjef Simon Stiell har bede leiarane for dei største økonomiane i verda (G20) om å vise støtte til klimafinansiering når dei møtest i Rio de Janeiro neste veke. Dette meiner Stiell vil hjelpe forhandlingane på klimatoppmøtet (COP29) i Baku med å nå ein avtale om meir pengar til å takle klimaendringar, skriv Reuters.
Stiell skreiv i eit brev til G20-leiarane at toppmøtet må sende klare signal om støtte til auka tilskot, lån og gjeldslette, slik at sårbare land kan ta sterkare klimatiltak utan å bli hindra av gjeld.
Næringslivsleiarar støtta Stiells oppmoding og sa at dei var uroa over «mangelen på framgang og fokus i Baku».