ru24.pro
NRK.no
Ноябрь
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Baku: Tvinnereim møtte politisk fange

0
NRK.no 

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) møtte laurdag den politiske fangen Gubad Ibadoghlu utanfor hovudstaden Baku.

Ibadoghlu er ein kjend akademikar, opposisjonspolitikar og menneskerettsforkjempar som sit i husarrest i heimen sin. Han har blant anna analysert korrupsjon olje- og gass-sektoren i Aserbajdsjan og andre tidlegare sovjetrepublikkar.

– Formålet med besøket var å gje merksemd til ein situasjon som ikkje er akseptabel. Noreg krev at han får ein rettferdig rettargang og tilgang til nødvendig helsehjelp, seier Tvinnereim.

– Journalistar og aktivistar i fangenskap er ikkje gløymde. Ibadoghlu si sak er eit eksempel på at sjølv grunnleggjande humanitære omsyn som gjeld helse, ikkje blir respektert. Han er ein av dei som betaler ein høg pris for engasjementet sitt. Kravet gjeld sjølvsagt også for andre aktivistar og journalistar som sit fengsla, og som i fleire tilfelle har helseproblem, seier Tvinnereim.

Ho tok opp situasjonen for Jeyhun Bayramov og andre politiske fangar då ho seinare laurdag møtte utanriksministeren i Aserbajdsjan, Jeyhun Bayramov, og ba om at dei må få ein rettferdig rettargang.